Har skumma igjennom takstane for eigedomskatten i full fart, med fare for å lesa feil. Det er det verste makkverk eg har sett på lenge, ulikskapen har alltid vore ille, men dette tar kaka. Svære verdfulle nye hus er taksta mindre enn eldgamle, ubebygde tomter som ein kanskje ikkje eingong får byggja på er med, og nokon eigedomar er heilt gløymde. Nokon får skatt på naust, andre ikkje. Falleferdige rønner får sju promille, og småbedriftsbygg likeså. For å vera litt personleg, så får den vesle fi…