Om ein lokalpolitiker støtt skal stemme ut frå sitt eige forgodtbefinnande, på saker partiet går til vàl på, så er jo heile partiprogrammet ein stor vits? No snakkar eg om i det store og heile, sjølvsagt kan det dukke opp saker som skaper splid innad i eit parti. Det er vel elles eit poeng med å lage eit partiprogram? Dei som går ut av partiet, stemmer nok som dei vil, men dette gjeld jo ikkje akkurat så mange. Er det noko godt argument for kvifor stemmegjeving skulle vere hemmeleg?
av margit